Klima, miljø og energi
Vil du vere med og ta eit krafttak for grøn omstilling?
Ta nettbaserte mikroemne og få auka kompetanse om klima, miljø og energi.
Opne for alle – meld deg på no!
Nettbaserte mikroemne - klima, miljø og energi
Tilbydar: UiB Vidare
Undervisningsform: Deltid over 10-12 veker, 100 % nettbasert
Studiepoeng: 2,5 per mikroemne
Søknadsfrist: Løpande påmelding så lenge det er ledige plassar.
Oppstart: Hausten 2026
Pris: Ingen studieavgift. Semesteravgift på kr 650,- per semester.
Universitetet i Bergen utviklar no ei emnerekkje av seks små, nettbaserte emne som tek føre seg tema som klima og energi, livet i havet og livet på land i eit berekraftsperspektiv. Emnerekkja er delfinansiert av Vestland fylkeskommune.
Emna er modulbaserte og fleksibelt tilrettelagde slik at du kan studere ved sida av jobb. Kvart emne er på 2,5 studiepoeng. Du kan ta kva emne du vil, uavhengig av dei andre emna i rekkja.
Emna tek utgangspunkt i naturvitskaplege fag, men inneheld òg emne frå berekraftsvitskap, samfunnsvitskap, rettsvitskap, statsvitskap og sirkulærøkonomi.
Oppstart av dei to første emna i rekkja hausten 2026. Deretter rullast det ut fleire emne i løpet av 2027.
Dei to emna hausten 2026 er lagde etter kvarandre i tid, slik at du kan ta begge etter tur dersom du ønskjer det.
Målgrupper
Mikroemna rettar seg mot alle som ønskjer meir kunnskap og kompetanse om klima, miljø og energi i det grøne skiftet. Det kan vere deg som arbeider i små og mellomstore verksemder, grøne hubar, olje- og gassindustrien, fornybarnæringa eller offentleg sektor innan forvaltning eller utdanning, for å nemne noko.
Emna er på bachelornivå og krev ingen tidlegare utdanning eller faglege forkunnskapar.
Emne hausten 2026:
FRAM620 Berekraft i praksis – forståing, handling og endring (august–oktober 2026)
FRAM623 Klima – berekraft, konsekvensar og løysingar (oktober–desember 2026)
Dei neste emna i rekkja vil bli utvikla og tilbydde i løpet av 2027, sjå oversikta under - med atterhald om mindre endringar. Meir informasjon om dei komande emna og lenkjer til påmelding kjem seinare.
Energiomstilling (våren 2027)
Blå natur og havet sine ressursar (våren 2027)
Balansen mellom bruk og bevaring av natur (hausten 2027)
Berekraftig innovasjon (hausten 2027)
Korleis er undervisninga lagd opp?
Alle emna er 100 % nettbaserte. Undervisninga går på deltid over ein periode på inntil 12 veker i anten haust- eller vårsemesteret.
Det aller meste av undervisninga er asynkron, det vil seie at ingenting går føre seg på faste dagar eller tidspunkt. Du vel dermed sjølv når det passar for deg å sjå videoar, lese tekstar og arbeide med oppgåver.