Om oss
Sogn Kompetanse vart oppretta i 2021 med eit ønskje om å utvikle eit kompetansesenter for heile Sogn, med base i Årdal.
I ei tid der krava til produktivitet og det grøne skiftet aukar, blir kompetanse stadig viktigare for industrien og næringslivet. Teknologi gjev nye moglegheiter og stiller nye krav, samtidig som det vert meir utfordrande å rekruttere rett kompetanse.
Sogn Kompetanse er dedikert til å møte desse utfordringane ved å heve kompetansenivået i regionen.
Sogn Kompetanse var opphavleg eigd 100% av Årdal Utvikling, men er no eigd av Årdalsnett, Årdal Utvikling, Agnitio og Årdal Næringsskipnad.
Me har etablert eit studiesenter for desentralisert utdanning i regionen, med mål om studentstover i alle kommunane. Vår målsetjing er å vera til stades i alle kommunane, arrangera kurs for alle verksemder, leiga inn føredragshaldarar, og skreddarsy tilbod etter behov.
Me arbeider for at alle verksemder i Sogn skal kunna heva kompetansenivået til sine tilsette.
Ta kontakt med oss
Dagleg leiar
Eilin Skorpen
eilin@sognkompetanse.no
Telefon: 970 22 824