TEKfredag-16.jpg

Kalendar

Hald deg oppdatert på kurs, studietilbod og events som Sogn Kompetanse arrangerar eller formidlar.

Nettverkssamling for service og reiseliv i Årdal
juni
16.

Nettverkssamling for service og reiseliv i Årdal

Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse og SITEP inviterer til nettverkssamling for service- og reiselivsnæringa tysdag 16. juni kl. 18.00–19.30 i Årdal Teknologipark.

Samlinga byggjer vidare på dei populære nettverkslunsjane, og blir ein uformell møteplass for fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging før sommarsesongen.

Tema for kvelden:

  • Korleis bli meir synleg digitalt og møte turistane der dei er

  • Tips til godt vertskap og gode kundeopplevingar

  • Innsikt frå turistkontoret om kva turistane lurer på

Innlegg ved Sander Bjørkum Øvstetun, Torunn Todal Laberg og turistkontoret.

Vel møtt til ein lærerik og sosial ettermiddag for lokale verksemder innan service og reiseliv!

Vis arrangement →