Studentstova

Ei studentstove er noko så enkelt som ein gratis leseplass for deg som er student. Om du bur her, eller er på besøk i Sogn og treng ein plass å sitte og studere, så har vi leseplass til deg!

Studentstova er eit attraktivt tilbod både for dei som bur i regionen, og for studentar som er på besøk eller er heime i kortare/lengre periodar.

Per no har me oppretta fire studentstover i Sogn. Ei i Vik, ei i Øvre Årdal, ei i Aurland og ei i Lærdal. Me jobbar med å få på plass det same tilbodet i alle kommunane i Sogn.

Det å etablere møteplassar for studentar og å legge til rette for eit studentmiljø, uavhengig av kor lite det er, er viktig ikkje berre for dei som nyttar Studentstovene, men også for å løfte medvitet kring at det kan vere både mogleg og attraktivt å ta utdanning uavhengig av bustad, alder og livssituasjon.

Arbeidsplass med åpen notatbok og skrivepenn, MacBook-laptop, vase med blomster, koppholder med kopp, og en liten krukke på et skrivebord. Utsikt gjennom vindu i bakgrunnen.

"[…]At det finst ein profesjonell drop-in-plass til 250 kroner dagen, medan studentar som kona mi sit gratis, er heilt genialt.

Det gjer at ungane får verdifull tid med besteforeldra, medan vi får gjort både jobb og studium i ei moderne ramme med god kaffi og arbeidsro.

Etter å ha testa dette éin gong, ser vi at dette er ein vinn-vinn-situasjon vi garantert kjem til å nytte oss meir av for å få meir tid i Årdal framover.”

-Torbjørn Holsæter Fjellestad

Illustrasjon av en skrivebordslampe med lampelys og tekst "Ein lesesal nær deg - Studentstova"

Booking

Du kan enkelt booke leseplass i Studenstovene via knappen under. Første gong du bookar vil me sende deg litt praktisk informasjon knytt til tilbodet.

Dersom du ikkje har fått dette eller har andre spørsmål ta kontakt med Eilin på 970 22 824

Book leseplass her
Lese- og studielampe med teksten 'Klar Lesehjelp for Deg' og 'STUDENTSTOVA'

Finn di næraste Studenstove

En smilende kvinne peker på en vindusmerke som sier «Ein lesesal nær deg STUDENTSTOVA» og har en illustrasjon av en skrivebordslampe.

Verksvegen 5,
6884 Øvre Årdal

Book her
Tre personer som smiler og prater i en stue med grønne vegger og store vinduer, hvor det er tre bord og plantet små planter på vindusbrettet.

Midlertidig utilgjengeleg

Book her
Bild av en person som sitter bak en glassdør med tekst om en lesehytte kalt Studentstova.

Helabrotet 1A,
5745 Aurland

Book her
Et hyggelig interiør med en stor, lys grønn hjørnesofa med puter, to svart runde bord med papir og blomster, dekorativ vegg med grønne planter og lamper henger ned fra taket.

Øyraplassen 14,
6887 Lærdal

Book her