Observasjon og stell av sår

Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta, og kan vere både tidkrevjande og krevjande å utføre på rett måte. Med auka press på bemanning og ressursar er det behov for fleire fagpersonar som kan bidra til trygg og systematisk observasjon og oppfølging. Denne fagskuleutdanninga gir deg kompetansen du treng for å ta eit større ansvar i sårarbeidet, i tett samarbeid med sjukepleiarar og anna helsepersonell.

Observasjon og stell av sår

Tilbydar: Fagskulen Vestland
Undervisningsform: Deltid
Studiepoeng: 30
Søknadsfrist: 16.09.2026
Oppstart: 16.09.2026
Pris: Studieavgift, litteratur og forbruksmateriell må dekkjast av studenten + 1500,- i forbruksutstyr

Dette lærer du:

I utdanninga får du ei praktisk og fagleg forankra forståing av sår, sårtypar og tilheling. Du lærer å:

  • observere sår på ein strukturert måte og beskrive funn presist

  • kjenne att vanlege sårtypar, vurdere risikofaktorar og følgje opp tiltak

  • forstå årsaker til sårdanning og faktorar som påverkar tilheling

  • førebyggje komplikasjonar ved å oppdage endringar tidleg

  • bidra til rett stell, god hygiene og trygg gjennomføring av sårbehandling i praksis

  • få innsikt i sjeldnare sårtypar og relevante hudtilstandar

Kva kan du bruke kompetansen til?

Etter fullført utdanning har du kompetanse som er relevant for arbeid med såroppfølging i:

  • sårklinikkar og poliklinikkar

  • sjukehus og institusjonar

  • heimesjukepleie og kommunale tenester

Kompetansen kan bidra til betre kvalitet i sårarbeidet og frigjere tid i teamet ved at fleire kan ta del i oppgåvene.

Kven passar utdanninga for?

Utdanninga passar for deg som arbeider, eller ønskjer å arbeide, innan helsetenesta, til dømes som:

  • helsefagarbeidar

  • hjelpepleiar

  • helsesekretær

  • ambulansepersonell

Utstyr og kostnader

Studentane dekkjer studieavgift, litteratur og forbruksmateriell sjølve. Skulen fakturerer kr 1 500,- for forbruksutstyr. Beløpet dekkjer utstyr som blir brukt i praktiske øvingar gjennom heile utdanningsløpet.

Eksamen

Kvart emne blir avslutta med eksamen. Eksamensform og vurderingsopplegg går fram av den enkelte studieplanen.

Les meir og søk plass her

Neste
Neste

Klima, miljø og energi