Barn og unge si psykiske helse
Psykiske plager og lidingar blant barn og unge er eit aukande samfunnsproblem, og tidleg innsats er avgjerande. Barnehagar, skular og andre tenester har ei viktig rolle i å fremje trivsel, meistring og inkludering – og denne fagskuleutdanninga gir deg kompetansen til å gjere nettopp det.
Barn og unge si psykiske helse
Tilbydar: Fagskulen Vestland Undervisningsform: Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng: 60 (Fagskulegrad) – kan takast som enkeltemne à 15 studiepoeng Søknadsfrist: 20. august 2026 – løpande opptak, først til mølla
Oppstart: Haust 2026
Pris: Semesteravgift og studieavgift
Vidareutdanninga Barn og unge si psykiske helse gir ei brei og oppdatert forståing av psykisk helsearbeid retta mot barn og unge. Gjennom studiet får du innsikt i psykiske lidingar hos barn og ungdom, utviklingspsykologi, førebyggjande og helsefremjande arbeid, tverrfagleg samarbeid, samtaleverktøy i relasjonelt miljøarbeid og korleis ein kan arbeide med det psykososiale miljøet rundt barn og unge.
Eit sentralt tema i studiet er korleis ein kan forstå og møte barn og unge som har åtferd som utfordrar, og korleis ein kan fremje tryggleik, meistring og utvikling gjennom relasjonsbygging og målretta miljøarbeid.
Studiet er praksisnært og legg vekt på refleksjon, etikk og relasjonskompetanse i møte med barn, unge og deira familiar.
Kva lærer du?
Gjennom studiet får du innsikt i:
psykiske lidingar hos barn og ungdom, og utviklingspsykologi
førebyggjande og helsefremjande arbeid
tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester
samtaleverktøy og relasjonelt miljøarbeid
korleis forstå og møte barn og unge med åtferd som utfordrar
Slik er studiet lagt opp
Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng, som samla gir 60 studiepoeng. Det er eit deltidsstudium over to år, og blir gjennomført nettbasert med samlingar.
Det er høve til å ta einskildemna kvar for seg. Arbeidsmåtane vil variere mellom digitale førelesingar, grupperefleksjonar, oppgåver, praksisnære case, workshop og rettleiing og erfaringsdeling med meir.
Det er mogleg å følgje samlingane digitalt frå næraste studiestad, dersom det er søkjarar som ønskjer å samlast der. Fagskulen Vestland har studiestadar i Bergen, Førde, Måløy, Stord, Austevoll, Voss og Hjeltnes.
Opptakskrav
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på
fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev som:
barne- og ungdomsarbeidar
helsefagarbeidar
hjelpepleiar
omsorgsarbeidar
ambulansearbeidar
tannhelse-/helsesekretær (med to års relevant praksis)
aktivitør
Vitnemål som hjelpepleier og omsorgsarbeider tilsvarer det som i dag heiter helsefagarbeider.
realkompetanse
Realkompetanse
Søkjarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse.