KI-systemer for undervisarar

Korleis kan du som lærar bruke kunstig intelligens på ein trygg, effektiv og pedagogisk god måte – slik at det fremjar læring og effektivitet i kvardagen i skulen? Det er utgangspunktet for dette heilt nye, nettbaserte mikroemnet frå UiB og SLATE (Centre for the Science of Learning & Technology).

KI-systemer for undervisarar

Tilbydar: UiB Videre
Undervisningsform: Deltid, 100 % nettbasert
Studiepoeng: 2,5 (mikroemne)
Søknadsfrist: Løpande – første søknadshandsaming 15. juni 2026
Oppstart: Haust 2026
Pris: kr 2 500,- (+ semesteravgift kr 650,-)

Emnet er utvikla med støtte frå Vestland fylkeskommune og rettar seg mot lærarar på alle trinn, men er særleg aktuelt for deg som underviser på ungdomstrinnet og oppover. Ingen forkunnskapar er nødvendig!


Kva lærer du?

Du får innsikt i korleis KI påvirker læring, vurdering og undervisningsdesign, og praktiske ferdigheiter i å ta i bruk KI-verktøy i eiga undervisning. Emnet gir deg:

  • forståing for kva rolle KI kan spele i utdanning og undervisning

  • praktiske ferdigheter i bruk av KI-verktøy i klasserommet

  • evne til å gjere informerte og ansvarlege val om teknologi

  • auka tryggleik i møte med elevar og studentar si bruk av KI

Slik er studiet lagt opp:

Emnet går over sju veker hausten 2026, heilt nettbasert via UiB sin læringsplattform. Det er eit mikroemne som gir 2,5 studiepoeng.

Digitale møter i løpet av semesteret:

  • Digitalt oppstartsmøte: mandag 12. oktober kl. 18.00

  • Digitalt oppsummeringsmøte: mandag 23. november kl. 18.00

Mellom desse jobbar du med digitale læringsaktivitetar i eige tempo og leverer to skriftlege oppgåver som til saman utgjer eksamensmappa. Det er ingen avsluttende eksamen.

Opptakskrav
Du treng generell studiekompetanse, eller du kan søke på grunnlag av realkompetanse dersom du er over 25 år. Du treng ikkje dokumentere lærarutdanning for å søke.

Søk studieplass

Neste
Neste

Desentralisert elkraft