Desentralisert elkraft
Som fagskuleingeniør innan elkraft bidreg du til at elektriske kraftsystem fungerer – frå energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport og industri. Etterspurnaden etter fagfolk med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor, og er forventa å auke ytterlegare i åra som kjem.
Utdanninga passer spesielt godt for deg som har gått elektrolinje på vidaregåande, eller som har arbeidserfaring innan elektrofag og ønskjer meir formell kompetanse.
Desentralisert elkraft
Tilbydar: Fagskulen Vestland
Undervisningsform: 3-årig, deltid
Studiepoeng: 120, høgare fagskulegrad
Søknadsfrist: 14. juni 2026
Oppstart: Haust 2026
Pris: Studieavgift + semesteravgift
Kva lærer du?
Gjennom studiet får du solid kompetanse innan elektrisk anlegg, kraftsystem og energiteknikk. Du lærer å planlegge, prosjektere og drifte elektriske installasjoner – og å bruke fagleg kunnskap til å løyse praktiske utfordringar i arbeidslivet. Studiet kombinerer teknisk teori med praktisk tilnærming, og gjør deg rusta til å ta fagleg ansvar i bransjen.
Studiet følgjer studieplanen Elkraft – Førde og gir 120 studiepoeng over tre år, tilsvarande ein toårig heiltidsutdanning.
Desentralisert gjennomføring – tilrettelagt for deg i Sogn
Dette tilbodet er del av eit pilotprosjekt i samarbeid med studiesentera i Nordfjord og Sogn, og gjer det mogleg å ta utdanninga der du er, i kombinasjon med jobb og familieliv.
Modellen ser slik ut:
3 fysiske samlingar à 3–4 dagar med oppmøte i Førde (inkludert oppstartssamling i veke 37)
14 digitale samlingar à 1 dag, annakvar måndag gjennom skuleåret
På dei digitale samlingsdagane møter du opp på studienoden på Teknologiparken i Årdal. Her sit studentane samla i eit moderne digitalt klasserom og følgjer undervisninga på storskjerm. Det faglege og sosiale fellesskapet på noden er ein sentral del av læringsopplegget – merk difor at det ikkje er høve til å delta digitalt utanom nodene i dette pilotprosjektet.
Les meir om utdanningsløpet her
Meld deg på her