Perspektiver på energiomstillingen

Vil du forstå energiomstillinga betre – og kva ho betyr for næringslivet og samfunnet vi er ein del av? Dette nye deltidsstudiet frå UiB gir deg ei brei, tverrfagleg tilnærming til klima, fornybar energi og berekraftig omstilling.

Perspektiver på energiomstillingen

Tilbydar: UiB Videre
Undervisningsform: Deltid, nettstudium
Studiepoeng: 10
Søknadsfrist: Løpande (neste opptak 15. juni)
Oppstart: Haust 2026
Pris: 11.000,- (+ semesteravgift 650,-)

Vil du lære meir om berekraft og energiomstilling? Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr eit nytt nettbasert deltidsstudium hausten 2026.

Studiet gir ei tverrfagleg innføring i energiomstilling, med perspektiv frå naturvitskap, samfunnsvitskap, jus og økonomi. Du lærer om klimaendringar, fornybar energi, teknologi, ressursbruk og samfunnsmessige utfordringar knytt til overgangen til eit meir berekraftig samfunn.

Fakta om studiet:

  • Emnekode: ENERGI670

  • 10 studiepoeng (masternivå)

  • Deltid over eitt semester (haust)

  • 100 % nettbasert undervisning

  • Frivillig fysisk samling i Bergen (1 dag)

  • Undervisning på engelsk

  • Studieavgift: kr 11 000,-

  • Semesteravgift: kr 650,-

Oppstart og informasjon

Studiet startar hausten 2026. Neste søknadsbehandling er 15. juni.
UiB inviterer også til digitalt informasjonsmøte fredag 5. juni kl. 09.00.
Spørsmål og påmelding til dette rettast til eilin@sognkompetanse.no
Møtet er heilt uforpliktande.

Opptakskrav

Du må ha:

  • bachelorgrad eller tilsvarande utdanning (minimum 180 studiepoeng)

  • minimum to års relevant arbeidserfaring

Studiet er relevant for deg som:

  • ønskjer meir kunnskap om energiomstilling og berekraft

  • arbeider innan energi, industri, offentleg sektor eller samfunnsutvikling

  • vil kombinere studium med jobb


Les meir og søk plass hjå UiB.

Forrige
Forrige

Desentralisert elkraft

Neste
Neste

Praksisnær rettleiing i helse- og omsorgstenesta