Framtidskraft – seminar for bedrifter i Indre Sogn
Forretningsmodellar for framtida: Korleis kan di bedrift handtere trendar og gripe moglegheiter?
Få innsikt, inspirasjon og verktøy til å møte framtida med styrke
Er du eigar eller tilsett i ei lita eller mellomstor verksemd?
Ynskjer du å forstå korleis framtidige trendar påverkar marknaden – og korleis di bedrift kan tilpasse seg for å skape vekst og verdiar?
Framtidskraft er eit inspirerande heildagsseminar for små og mellomstore bedrifter i Indre Sogn. Her får du både fagleg påfyll og praktiske verktøy for å utvikle forretningsmodellen din – saman med andre verksemder frå regionen.
💬 På programmet
Innføring i sentrale trendar som påverkar SMB-marknaden
Kvifor trendforståing er avgjerande for framtidig vekst
Workshop: Praktisk arbeid med eigen forretningsmodell
Deling av erfaringar og gode råd for å byggje ein sterkare og meir robust verksemd
💡 Vi oppmodar bedrifter til å delta med fleire deltakarar frå same verksemd – det gir betre utbyte av arbeidet med forretningsmodellen.
📍 Tid og stad
Me har to ulike lokasjonar for seminaret, slik at du kan velje det som blir best for deg!
Sogndal: Tysdag 5. november kl. 09:00 – 15:00
Quality Hotel Sogndal
Lærdal: Onsdag 6. november kl. 09:00 - 15:00
Lærdal Hotell
🎯 Passar for
Eigarar, leiarar og medarbeidarar som vil:
forstå trendar som påverkar marknaden
finne nye moglegheiter i endring
bygge ein sterkare og meir framtidsretta forretningsmodell
💡 Praktisk informasjon
Kr 3 900 eks. mva. per deltakar (inkl. lunsj og kursmateriell)
Kr. 13 650 eks. mva. for gruppe på 4-6 personar
Påmeldingsfrist: 26. oktober 2025