Teknologiveka 2025
Tre dagar fylt med inspirasjon, kunnskap og konkrete løysingar for framtida – kva skal me leve av etter oljen?
Gjennom spennande foredrag og samtalar møter du blant anna forskarar, gründerar, politikarar og næringslivsaktørar, samt representantar frå verkemiddelapparatet og industrien. Me legg lista slik at alle kan følgje med – utan store ord og tomme vyar, men med planar, prosessar og prosjekt som skapar nye grøne arbeidsplassar og reduserer klimaavtrykket i praksis.
– Spillvarme – kor mykje energi går eigentleg til kråka, og kor store verdiar kan me skape? Svaret er enormt.
– Biologiske prosessar – frå naturen til framtida. Me skal ikkje tilbake til fortida, men lære av ho for å bygge ein berekraftig industri.
– Tekstil og sirkulær økonomi – tekstilindustrien står for 10 % av verdas CO₂-utslepp, og Noreg er ein versting. Korleis kan me endre oss? Gründerar og fagfolk deler løysingar.
I tillegg skjer det mykje meir – møteplassar for gründarar og næringsliv, og spennande aktivitetar for 10. klassingar frå heile Sogn som vil lære om framtidas industri.
Og ikkje minst – First Lego League regionsfinale på laurdag!
Bli med på Teknologiveka – der idéar blir til handling!
Kvar og når skal du møte opp?
Måndag 10. til fredag 14. november i Årdal Teknologipark!
For fullt program, sjå Teknologiveka.no