TEK-fredag 20. mars 2026
Thomas Heggelund er KI utvikler hos Highsoft, selskapet bak Highcharts, og har over 25 års erfaring frå teknologibransjen.
Han har bakgrunn som CTO og grunnleggjar av fleire teknologiselskap, og held jamnleg kurs og foredrag om praktisk KI-bruk for norsk næringsliv.
Fredag 20. mars får du høve til å vere med på føredrag og workshop om Effektiv og trygg bruk av kunstig intelligens i næringslivet.
Foredraget er delt i to: Først eit innlegg som gir det teoretiske grunnlaget, deretter ein praktisk workshop der deltakarane får prøve sjølve.
Del 1: Innlegg
Kva KI kan (og ikkje kan) gjere for bedrifta di - Praktiske bruksområde for næringslivet i Sogn
Hallusinasjonar: Kvifor KI lyg, og korleis du oppdagar det - Det kritiske problemet med KI som "gjetter" fakta, og kvifor ein aldri må stole blindt på svara
Koble KI til bedrifta sine eigne data - Korleis Retrieval Augmented Generation (RAG) let KI-en bruke verifiserte, bedriftsinterne kjelder, noko som gir presise og relevante svar
Kunsten å stille gode spørsmål (prompting) - Korleis ein formulerer seg for å få best mogleg resultat frå KI
KI kopla til verktøy og tenester - Korleis KI kan integrerast med eksterne system for å automatisere arbeidsoppgåver
Del 2: Praktisk workshop
Deltakarane får prøve KI-verktøy sjølve med rettleiing. Ta med eigen PC eller mobil. Me jobbar med konkrete oppgåver relevante for deltakarane sine eigne bedrifter, slik at ein går heim med noko ein faktisk kan bruke vidare.
Praktisk info: Opplegget er tilpassa folk med og utan teknisk bakgrunn.
Målet er at deltakarane går heim med konkrete ting dei kan ta i bruk allereie same dag.
Ta med eigen PC/mobil til workshopen. For å få maksimalt utbytte av workshopen oppmodar me deltakarane til å ha claude.ai Pro-tilgang.