Mellomleiarkurs

Frå fagperson til trygg leiar

Mange verksemder opplever det same: Dei flinkaste fagpersonane blir løfta fram og får leiaransvar. Det er ei naturleg og riktig utvikling – men overgangen frå fag til leiing kan vere større enn ein trur.

Som leiar handlar det ikkje lenger berre om eigen kompetanse. Rolla krev forståing for menneske, kommunikasjon, prioriteringar, kultur og retning. Leiing er eit eige fag – og det kan lærast.

No lanserer me i Sogn Kompetanse, i samarbeid med Tell, eit samlingsbasert mellomleiarkurs for deg som har teke – eller skal ta – steget inn i leiarrolla.

Praktisk og relevant leiarutvikling

Kurset går over tre samlingar og kombinerer forskingsbasert kunnskap med praktisk trening. Om lag 70 % av tida blir brukt på øvingar, refleksjon og arbeid med reelle utfordringar frå eigen leiarvardag.

Deltakarane får mellom anna:

  • Innsikt i leiarrolla og leiing i praksis

  • Tryggleik i personalleiing og forståing av arbeidsmiljølova

  • Verktøy for kommunikasjon, kulturbygging og forbetringsarbeid

  • Kompetanse innan endringsleiing og omstilling

  • Arbeid med eigen personleg utviklingsplan

Alle deltakarar gjennomfører JTI personprofilanalyse, som er inkludert i kursprisen. Dette gir auka sjølvinnsikt og betre forståing av eiga leiarrolle og samspel med medarbeidarar.

Ein investering i leiing

For verksemder handlar dette om meir enn kurs – det handlar om å utvikle leiing som ein strategisk ressurs. For den enkelte handlar det om å gå frå å «klare seg» i rolla til å leie med tryggleik og medvit.

📍 ViteMeir-senteret, Kaupanger
🗓 26. februar, 3. mars og 10. mars
⏰ 08:00–15:30
💰 Pris: 10 900,- (inkluderer kurs, materiell, lunsj, lokale og JTI)

🔔 Påmeldingsfrist: 17. februar
Det er avgrensa tal plassar.

👉 Les meir og meld deg på her:
https://event.checkin.no/217539/mellomleiarkurs

Neste
Neste

TEK-fredag