TEK-fredag
TEK-fredag med Eirik Norman Hansen - 30. januar 2026 på ViteMeir-senteret på Kaupanger
TEK-fredag er ein månadleg møteplass der næringsliv, studentar og andre nysgjerrige samlast for å lære, dele erfaringar og bli inspirerte av teknologi og digital utvikling. Kvar samling har sitt eige tema og tek for seg aktuelle og relevante område som kunstig intelligens, velferdsteknologi, robotisering, effektivisering og korleis teknologi kan skape verdi i praksis – både lokalt og regionalt.
Bli med på den første Tek-fredagen – ein inspirerande formiddag der me set teknologi, digitalisering og framtida på agendaen, saman med folk frå heile regionen. 👇
📍 ViteMeir-senteret i Sogn, Kaupanger
📅 Fredag 30. januar 2026
🕤 09:30–12:30
(Mingling frå kl. 09:30 – programstart kl. 09:45)
🎙️ Hovudtalar: Eirik Norman Hansen
Me er stolte av å ha med oss Eirik Norman Hansen, ein av Noregs mest engasjerande og tydelege stemmer innan teknologi og digital utvikling. Med bakgrunn som trendanalytikar og rådgjevar har han i ei årrekkje hjelpt verksemder og leiarar med å forstå kva teknologi, KI og digitalisering faktisk betyr i praksis – for arbeidskvardagen, verdiskaping og samfunnet rundt oss.
Dette blir eit føredrag som både inspirerer, utfordrar og gir nye perspektiv – uavhengig av om du jobbar med teknologi til dagleg, eller berre er nysgjerrig på kva som kjem.
🤝 Nettverk og regional utvikling
Tek-fredag er og ein møteplass. Her får du høve til å knyte kontaktar, dele erfaringar og ta del i samtalar om korleis me saman kan styrkje den teknologiske utviklinga i regionen vår.
💚 Sogn Sparebank er med og bidreg til at me kan halde deltakarprisen låg:
375,- per person (inkl. mva)
Studentpris: 200,- (inkl. mva)
☕ Praktisk
Det blir servert enkel bevertning undervegs i programmet og ein god lunsj til slutt. Det blir og god tid til mingling – både før og etter programmet.
Me håpar du har lyst til å bli med på ein inspirerande start på dagen – og på eit nytt fagleg møtested i Sogn.
Me gler oss til å sjå deg og dine kollega der! 🫶