TEK-fredag i Vik

Tema: Trygg og effektiv bruk av KI

Fredag 20. mars samla me over 50 engasjerte deltakarar frå næringslivet i Sogn til ein inspirerande TEK-fredag på Blix Hotell i Vik. 

Arrangementet vart gjennomført i samarbeid med teknologiselskapet Highsoft, som har hovudkvarter i Vik, og «distriktskontor i Bergen».  

Frå Highsoft stilte Thomas Heggelund, som er ein erfaren teknolog og energisk føredragshaldar, med over 25 år i bransjen og solid kompetanse på praktisk bruk av KI i næringslivet.  

Temaet for dagen var korleis verksemder kan bruke kunstig intelligens på ein trygg og effektiv måte i praksis - eit tema som treffer stadig fleire i dagens samfunn. 

Frå teori til praksis

Dagen var delt i to delar. Først eit fagleg innlegg, deretter ein praktisk workshop. 

I første del fekk deltakarane ei innføring i: 

  • kva kunstig intelligens faktisk kan - og ikkje kan - gjere for verksemder  

  • kvifor KI kan “hallusinere”, og korleis ein kan oppdage feil  

  • korleis ein kan bruke eigne data for å få meir presise svar  

  • kunsten å stille gode spørsmål (prompting)  

  • korleis KI kan koplast til verktøy og system i arbeidskvardagen  

Dette gav eit viktig fundament før deltakarane sjølve fekk prøve. 

I workshopen jobba deltakarane praktisk med eigne problemstillingar og fekk rettleiing undervegs. Målet var at alle skulle sitje igjen med konkrete idear og verktøy dei kan ta i bruk i eigen arbeidssituasjon - noko som også vart tydeleg gjennom engasjementet i rommet.  

Det var stor variasjon i bakgrunn og erfaring blant deltakarane, men opplegget var tilpassa slik at både nybegynnarar og meir erfarne fekk godt utbytte. 

TEK-fredag - ein møteplass for kompetanse og nettverk 

Målet med konseptet TEK-fredag er å styrke teknologikompetansen i indre Sogn, og å synleggjere dei spanande arbeidsmoglegheitene som finst i regionen vår.  

Arrangementet samla deltakarar frå eit breitt spekter av bransjar. I tillegg er me svært glade for at lærarar og elevar frå datalektronikk ved Sogndal VGS tok turen til Vik denne dagen. Dette skapar ei viktig kopling mellom utdanning og næringsliv i regionen vår. 

Sogn Kompetanse arbeider for kompetanseheving i dei seks kommunane i indre Sogn gjennom desentral utdanning, kurs og faglege møteplassar. TEK-fredag er eit av tiltaka der me løftar fram bedrifter i regionen som ligg langt framme teknologisk, og legg gjennom arrangementet til rette for læring og erfaringsdeling. 

Kompetanseheving innan kunstig intelligens handlar ikkje berre om teknologi, men om å styrke konkurransekraft, effektivitet og kvalitet i arbeidet. I ein region med sterke teknologimiljø – mellom anna representert ved Highsoft i Vik – er det særleg relevant å utforske korleis KI kan bidra til verdiskaping lokalt.  

Med godt oppmøte, gode diskusjonar og høg deltaking i workshopen, vart TEK-fredagen i Vik ein klar suksess. 

Gjekk du glipp av arrangementet? Frykt ikkje, dette er ein fast møteplass og det kjem nye sjanasr allereie i mai!

Følg oss på LinkedIn, Instagram og Facebook, for å halde deg oppdatert på alt det spennande som skjer i regi av Sogn Kompetanse. 

Neste
Neste

TEK-fredag 20. mars 2026