Mellomleiarkurs
Praktisk leiarutvikling for nye og erfarne mellomleiarar
Har du medarbeidarar som har gått frå fagarbeid til leiarrolle? Eller står du sjølv i overgangen frå fagperson til leiar?
Dette kurset er utvikla for å gi tryggleik, struktur og konkrete verktøy i leiarrolla.
Om kurset
Kurset er samlingsbasert og går over tre dagar. Innhaldet kombinerer teori og praktisk trening, med særleg vekt på overføring til eigen arbeidskvardag.
Tema for samlingane
Samling 1:
Leiarrolla, leiing i praksis og personalleiing (inkl. arbeidsmiljølova)
Samling 2:
Forbetringsarbeid, kommunikasjon og kultur
Samling 3:
Endringsleiing og omstilling
Mellom samlingane arbeider deltakarane med personleg utviklingsplan knytt til eigen leiarrolle.
JTI personprofilanalyse
Alle deltakarar gjennomfører JTI personprofilanalyse (inkludert i prisen). Analysen gir innsikt i eigne preferansar, styrkar og samspel med andre – og er eit viktig verktøy i arbeidet med personleg leiarskap.
Praktisk informasjon
📍 Stad: ViteMeir-senteret, Kaupanger
🗓 Datoar: 26. februar, 3. mars og 10. mars
⏰ Tid: 08:00–15:30
💰 Pris: 10 900,- per deltakar
(Inkluderer kurs, kursmateriell, lunsj, lokale og JTI-personprofil)
🔔 Påmeldingsfrist: 17. februar
Det er avgrensa tal plassar.
👉 Meld deg på her:
https://event.checkin.no/217539/mellomleiarkurs