TEK-fredag 8. mai i Årdal
Etter ein svært vellukka TEK-fredag i Vik, der over 50 deltakarar frå næringslivet samla seg for å lære, teste og diskutere kunstig intelligens, tek me no arrangementet vidare til Årdal!
I samarbeid med Highsoft inviterer Sogn Kompetanse til ein inspirerande dag der du får både fagleg påfyll og praktisk erfaring med KI.
Du lærer blant anna:
・kva KI faktisk kan (og ikkje kan) gjere for di verksemd
・korleis du stiller betre spørsmål og får betre svar (prompting)
・korleis du kan bruke KI i eigen arbeidskvardag
Etter føredrag blir det workshop der du får jobbe med eigne problemstillingar og få konkrete verktøy du kan ta med deg vidare.
Enten du er nybegynnar eller har testa KI før, er dette ein arena for å lære, utforske og bli inspirert.
TEK-fredag er også ein møteplass for nettverk, samarbeid og utvikling i regionen vår.
Sikre deg plass, dette vil du ikkje gå glipp av!
Påmelding via billettlink:
https://event.checkin.no/222928/tek-fredag-8-mai-2026