Over 100 deltakarar på TEK-fredag i Årdal og Vik

TEK-fredag i Årdal samla engasjerte deltakarar til ein inspirerande dag med teknologi, kompetanseheving og nettverksbygging. Arrangementet vart gjennomført som eit samarbeid med Highsoft, med mål om kompetanseheving og nettverksbygging.

Med Thomas Heggelund frå Highsoft som føredragshaldar, fekk deltakarane fagleg påfyll gjennom inspirerande innlegg og praktisk workshop.
Temaet var “trygg og effektiv bruk av kunstig intelligens i arbeidslivet”, og føredragshaldar hadde mykje kunnskap å dela med salen.

TEK-fredag vart også arrangert i Vik med same opplegg. Til saman har arrangementa samla over 100 deltakarar - noko som viser stor interesse for faglege møteplassar innan teknologi og utvikling i regionen.

Sogn Kompetanse ønskjer å takke alle deltakarar, samarbeidspartnarar og bidragsytarar som gjorde arrangementet mogleg. Me set stor pris på engasjementet og ser fram til fleire TEK-fredagar i framtida.

Sjå bilete frå arrangementet i Årdal her:

Neste
Neste

TEK-fredag 8. mai i Årdal