Styrekurs

Eit godt styrearbeid handlar om meir enn å møte på styremøte. Som styremedlem har du eit ansvar som krev både kunnskap, oversikt og gode vurderingar.


På dette kurset får du ei praktisk innføring i styret sitt ansvar og plikter, og kva som skal til for å skape eit godt og effektivt styrearbeid.

Kurset blir leia av Harald Husabø frå BDO, som har solid erfaring med styrearbeid, rådgiving og selskapsrelaterte spørsmål. Gjennom kurset får du både fagleg påfyll og praktiske perspektiv du kan ta med deg rett inn i styrerommet.

Dette får du lære meir om:

Rammene for styrearbeidet

  • Selskapslovene og dei viktigaste rammene for styret

  • Styret sitt ansvar og plikter

  • Styret sitt forhold til dagleg leiar og administrasjonen

  • Rolla og ansvaret som styremedlem

Godt og effektivt styrearbeid

  • Korleis styret kan arbeide meir strukturert og strategisk

  • Styret sitt ansvar for økonomi, kontroll og oppfølging

  • Gode styremøte og gode beslutningsprosessar

  • Vanlege utfordringar og fallgruver i styrearbeidet

Kurset passar for både nye og erfarne styremedlemmer, styreleiarar og andre som ønskjer ei betre forståing av styret si rolle og sitt ansvar.

Dato og tid: 21. og 22. september (21. september kl. 09-15 for bedrift, 21. og 22. september kl. 18-21 for lag og organisasjonar, over to kveldar).
Stad: Årdal Teknologi- og Næringspark, Verksvegen 5, Øvre Årdal

Klar for å bli tryggare i styrevervet?

Meld deg på styrekurset og få kunnskapen du treng for å ta eit endå større ansvar i styrerommet.

Påmelding:

🔗 21.september kl. 09-15 for bedrift
🔗 21. og 22. september kl. 18-21 for lag, organisasjonar og private