Berekraftige Matsystem
Korleis kan me produsere og bruke mat på ein berekraftig måte – frå jord og fjord til bord?
I samarbeid med NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelege universitet) og Vestland Fylkeskommune er Sogn Kompetanse stolte av å kunne til by kurset Berekraftige Matsystem som gir 5 studiepoeng! NMBU har tidlegare tilbydd dette kurset for Trøndelag, og vil no tilby og tilpasse kurset for Vestland.
Framtidas matproduksjon er under sterkt press og det å ivareta matsikkerheita vil endå viktigare i åra som kjem. Det betyr ikkje nødvendigvis at me skal produsere all mat sjølv, men det inneber at me må sørgje for å utnytte ressursane våre på ein smart måte, slik at me har moglegheit til å forsyne befolkinga med eigenprodusert mat, både ut frå noverande behov og komande behov.
Det fins mange ulike matsystem, alt frå mindre lokale system til store regionale og nasjonale system, som fyller ulike formål. Kurset er relevant for alle som jobbar i eller med eit matproduksjonssystem.
Er du ein del av matproduksjonskjeda?
Bli med på kurs!
Me held eit digital informasjonsmøte 29. september kl. 13:00-13:45.
Meld deg på informasjonsmøtet her!
Les meir om kurset her!