Desentralisert utdanning i praksis: Mette kombinerer jobb og studium

Mette Karlsen Lilleby

Mette Karlsen Lilleby kombinerer full jobb som apotekar og leiar med nettstudium ved NMBU. Gjennom Bærekraftig økonomi og ledelse har ho styrka kompetansen sin innan økonomi, leiing og berekraft – eit godt døme på korleis desentralisert utdanning gjer fagleg utvikling mogleg også i distrikta.

I ein hektisk kvardag som apotekar, dagleg leiar og farmasøyt ved Vitusapotek Årdal, valde Mette Karlsen Lilleby likevel ta eit årsstudium i Bærekraftig økonomi og ledelse. Målet var å styrke kompetansen sin innan økonomi, leiing og berekraft — og ho opplevde studiet som både relevant og praktisk gjennomførbart. 

Studiet ved Handelshøyskolen ved NMBU gir ein grunnleggande innføring i økonomi og leiing med ei gjennomgåande berekraftig tilnærming. Det er lagt opp som eit nettbasert årsstudium på 60 studiepoeng som kan gjennomførast fleksibelt over to til fire år. Etter fullført studie får ein tittelen bedriftsøkonom, og studiepoenga kan inngå i vidare bachelorutdanningar både ved NMBU og andre lærestader. 

FLEKSIBELT NETTSTUDIUM – TILPASSA BÅDE JOBB OG Distrikt 

Det som gjorde studiet ekstra aktuelt for Mette, var at det er 100 % nettbasert og fleksibelt lagt opp. Slik kunne ho kombinere full jobb med studium — utan å måtte flytte eller ta fri frå arbeid. 

«At det er 100 % nettbasert gjorde det mogleg for oss i distriktet, og som jobbar samtidig», seier ho. 

Studiet består av åtte emne à 7,5 studiepoeng som vert gjennomført i kvart sitt åttevekers løp med eksamen avslutningsvis — ein struktur som bidreg til jamn progresjon og kontinuerleg læring. Fleire emne handlar om tema som leiarskap, økonomistyring og berekraftsrapportering — fagfelt som er viktige i dagens arbeidsliv.  

LÆRING I PRAKSIS – MIDT I EIN TRAVEL KVARDAG 

Lilleby syns undervisninga har vore godt lagt opp med ei kombinasjon av innleveringar og moglegheit for live-timar med forelesar. 

«Innleveringar undervegs er nyttig både for å unngå skippertak, og ein fin måte å lære på», fortel ho. 

I tillegg har live-sesjonar vore nyttige: 

«Mulighet for å være med på livetimar med foreleser er veldig lærerikt.»  

Kombinert med jobb har studiet likevel vore krevjande. Sjølv om forelesningane kan sjåast når det passar og kveldstimar har gjort det enklare å få det til, krev dette ein del tid. 

«Kor mykje tid ein må bruke avhenger av bakgrunn og erfaring… men eg har syns det har vore kjekt», seier ho. 

BEREKRAFT I PRAKSIS – NYTTIG FOR LEIING OG STRATEGI 

Studiet har gitt Mette verktøy ho allereie nyttar i jobben. Ho har ansvar for økonomistyring i apoteket, og med større innsikt i lovgiving og berekraftsrapportering har ho fått eit nytt perspektiv på korleis bedrifter kan arbeide med berekraft som ein integrert del av drifta. Særleg den sosiale dimensjonen ved berekraft — som handlar om menneskelege ressursar — har gitt henne nyttige innsikter. 

«Som leiar med personalansvar tek eg med meg nyttig kunnskap frå emna leiings- og organisasjonspsykologi og berekraftig lederskap», seier Mette. Studiet har også styrka forståinga hennar for det strategiske biletet i organisasjonen ho er ein del av, noko som har vore ekstra nyttig i ei tid med organisatoriske endringar.  

DESENTRALISERT UTDANNING SOM GIR MOGLEGHEIT TIL ALLE 

I Sogn Kompetanse er me opptatt av å tilrettelegge for desentralisert utdanning – slik at folk i distrikta også kan ta fagleg påfyll utan å måtte flytte frå heim og jobb. Mettes erfaring er eit godt døme på korleis dette kan gje både fagleg og praktisk gevinst i arbeidslivet. 

Mette har også brukt studentstova i samband med eksamenar, eit tilbod ho set pris på: 

«Den er veldig fin å bruke, med gode fasilitetar.» 

ANBEFALER STUDIET TIL ANDRE 

Når ho blir spurt om ho vil anbefale studiet, svarar Mette tydeleg: 

«Ja, det vil eg absolutt.» 

Studiet gir både relevant fagkompetanse og fleksibilitet for deg som jobbar – og ønskjer å kombinere arbeid med læring. 

Forrige
Forrige

Nettverkslunsj

Neste
Neste

Kurs: Berekraftige matsystem