Forvaltningsarbeid
Nøkkelinformasjon
Tilbydar: Høgskulen i Volda
Undervisningsform: Deltid Nettstudium
Søknadsfrist: Løpande opptak frå 01.11.2025
Studiesestart: Vår 2026
Pris: Studieavgift 5 000,-, semesteravgift 650,-
Nettstudiet gir ei innføring i ulike sider ved offentleg forvaltning. Du får mellom anna kunnskap om brukarorientering, styring og omstilling og dessutan elementær innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett. Studiet høver godt for deg som er, eller vil bli, sakshandsamar i offentleg sektor.
Nettstudiet i forvaltningsarbeid gir innføring i ulike sider ved offentleg forvaltning. Du får mellom anna kunnskap om styring, politikk og demokrati, omstilling, brukarorientering og grunnleggande innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett.
Emnet er tilrettelagt som eit nettstudium på deltid. Du får fleksibel læring via nettleksjonar, videoførelesingar, nettforum og arbeidskrav du kan levere og få tilbakemelding på, alt via læringsplattformen Canvas. Med 15 studiepoeng over ein semester tilbyr det eit godt og relativt raskt løft i kompetanse som kan nyttast direkte i arbeidssituasjonen.
Les meir og meld deg på her.