Tilbake til alle arrangementer

Nettverkslunsj

  • Årdal Teknologipark Verksvegen 5 6884 Øvre Årdal Norge (kart)

Velkomne til nettverkslunsj med tema U40 i Årdal!

Er du mellom 25 og 40 år og jobbar i Årdal – eller har du tilsette i denne aldersgruppa? Då vil du ikkje gå glipp av nettverkslunsjen i Teknologiparken 
torsdag 8. mai kl. 11:00 – 12:30

Denne lunsjen er for deg som:

  • er i målgruppa og ynskjer å utvide nettverket ditt og å vere med å påverke tilbodet for unge vaksne i Årdal

  • er leiar og vil bidra til at unge tilsette trivst og vert buande i bygda

  • er leiar og vil få unge utanfrå til å takke ja til jobbtilbodet

Sogn U40 og Hydro Young Professionals vil fortelje om eksisterande tilbod, og i løpet av lunsjen vil me skipa nye tilbod basert på etterspurnad.

Nettverkslunsjen er eit sosialt og uformelt møtepunkt med fagleg påfyll, og ein møteplass for nettverksbygging på tvers av bransjar i regionen. Konseptet er eit samarbeid mellom Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse og Sitep, og vil i 2025 handle om Årdal og regionen inn i framtida.
8. mai får du høve til å vere med å forme eit viktig tilbod for framtida i Årdal!

Vi står for lunsjen - alt du treng å gjere er å melde deg på via skjemaet nedanfor innan 5. mai

Forrige
Forrige
28. april

Truckkurs T1, T2 og T4, modul 2.2 og 3.2

Neste
Neste
13. mai

Løfteredskap 2.3 (G11), bro- og traverskran G4 modul 2.7 og 3.7 m/fadderopplæring i bedrift