Tilbake til alle arrangementer

Informasjonsmøte ang. fagskoleløp innenfor logistikkkoordinator

Fagskolen Diakonova inviterar til informasjonsmøte måndag 19. mai kl. 14.30-15.00, digitalt på teams.

Kvifor studere logistikkkoordinator?

Vil du vere med på å forme framtidas logistikkløysingar? Vår fagskuleutdanning i logistikk gir deg den heilskapsforståinga du treng for å meistre dagens og morgondagens logistikkutfordringar. Lær om sentrale tema som Supply Chain Management, innkjøp, digitalisering og berekraft, og logistikk i verdikjeda.

Logistikk handlar om mykje meir enn berre fysisk transport; det omfattar òg berekraftige prinsipp som tek omsyn til miljø og samfunn. Det handlar om å optimalisere heile forsyningskjeda, implementere ulike lagerhandteringsmetodar og sikre sømlaus koordinasjon av alle faktorar som bidreg til vellukka distribusjon og levering.

Utdanninga vår vil ikkje berre gi deg innsikt i den omfattande kompleksiteten innan logistikk, men vil òg fokusere på strategiar for å oppnå dette på ein kostnadseffektiv og berekraftig måte, der miljø- og samfunnsomsyn er integrerte i heile logistikkprosessen.

Utdanninga inneheld sju emne som til saman gir 60 studiepoeng:

  • Grunnleggande logistikk, 7,5 studiepoeng

  • Innkjøp og forhandlingar, 7,5 studiepoeng

  • Økonomistyring, 7,5 studiepoeng

  • Berekraft, 7,5 studiepoeng

  • Samferdsel og transportteknikk, 7,5 studiepoeng

  • Digitalisering og endringsleiing, 7,5 studiepoeng

  • Logistikk i verdikjeda, 15 studiepoeng

Undervisningsform
Digitalt, med mogleg fysisk samling.

Kva kostar det å studere?
Semesteravgift: Kr 900,- per semester
Studieavgift: Varierer ut frå om fylka delfinansierer utdanninga eller ikkje.

  • Heiltid Bergen: Kr 42 000,- per semester

  • Andre tilbod: Kr 3 000,- per semester

I tillegg kjem utgifter til pensumlitteratur og eventuell berbar PC.

Utdanninga er godkjend i Lånekassen for lån og stipend. Søknad blir sendt elektronisk til Lånekassen. Studiestad i Lånekassesøknaden er Fagskulen Diakonova.

Dersom du er medlem i ei fagforeining, kan du søkje om støtte til utdanning gjennom foreininga di.

Forrige
Forrige
13. mai

Løfteredskap 2.3 (G11), bro- og traverskran G4 modul 2.7 og 3.7 m/fadderopplæring i bedrift